DAG OG TID's Avatar

DAG OG TID

@dagogtid

Ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk. Utanfor dei store mediekonserna. Og i vekst.

303
Followers
7
Following
143
Posts
19.11.2024
Joined
Posts Following

Latest posts by DAG OG TID @dagogtid

Preview
(+) To norske band viser at KI-musikken som Nicolai Tangen likar, ikkje strekk til.

Tor Martin Bøe, fast skribent i DAG OG TID, skriv kvar tysdag ein kulturkommentar eksklusivt for nettet. Denne veka om KI-musikk, oljefondssjefen, Kaizers Orchestra, Sting og Kings of Convenience. Ja, alt dette heng utruleg nok saman på eit vis. Open for alle på Bluesky 😃

10.03.2026 14:21 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Open for alle på Bluesky 😊

10.03.2026 11:00 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) «Vi kan ikkje spele russisk rulett med lagnaden til millionar av menneske.» Vi trykkjer talen som den spanske statsministeren Pedro Sánchez heldt til folket 4. mars.

Den spanske statsministeren Pedro Sánchez heldt denne talen til folket på spansk fjernsyn 4. mars. Talen kom som ein respons på at president Trump dagen før hadde truga med å stogge all handel med Spania.

10.03.2026 11:00 👍 2 🔁 2 💬 1 📌 0
Preview
(+) Korleis dekkjer russiske medium Iran-krigen? For å få litt innsikt i omtalen trykkjer vi her eit lite utdrag frå det populære debattprogrammet til Vladimir Solovjov.

Anten sigrar vi, eller så vert vi viska bort, utsletta, seier den russiske TV-journalisten Vladimir Solovjov. Her kjem eit utdrag frå programmet hans sist søndag.

Utdraget er ope for alle på Bluesky.

07.03.2026 08:30 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Ein uvanleg farleg krig Åtaket på Iran handlar om langt meir enn atomvåpenprogrammet. Konsekvensane er uoverskodelege.

Det amerikanske åtaket på Iran har vikarierande motiv. Det er med på å gjere krigen ekstra farleg, skriv Cecilie Hellestveit.
(abo)

06.03.2026 07:53 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
(+) Donald Trumps Vietnam USA kan nok ein gong bli audmjuka av ein liten motstandar, skriv Astri Suhrke.

At USA og Israel i første fasen av åtaket drap mange av leiarane, var regimet førebudd på. Når éin blei tatt, rykte nestemann fram. Og slik vil det fortsette, skriv Astri Suhrke.

Kommentaren er open for alle på Bluesky.

05.03.2026 11:50 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Trump tek den største risikoen i Midtausten sidan Bush si tid På laurdag gjekk den amerikanske presidenten til åtak på Iran. Men grunngjevinga, framgangsmåten og måla hans er tvilsame.

Trump høyrest ut som den tidlegare presidenten George W. Bush, skriv Nicolas Richter.

Les artikkelen frå Süddeutsche Zeitung. (abo)

02.03.2026 13:33 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
(+) EU-aktivistar ser mot Island Islands regjering planlegg folkerøysting om EU-forhandlingar. Ein fornuftig framgangsmåte også i Noreg, meiner Europarørsla. Ein taktisk manøver frå jasida, svarer Nei til EU.

Både ja- og neifolk ser for tida mot Island. Sidan slutten av 2024 har Islands regjering styrt etter ei plattform som lovar å gjennomføre ei folkerøysting om å ta opp att forhandlingane om EU-medlemskap. (abo)

27.02.2026 14:43 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Takk for beskjed! Den skal vere open no :)

26.02.2026 12:35 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Fire år etter tidsskiljet: Slik har Tyskland forandra seg Verda er ikkje lenger den same, sa Olaf Scholz etter det russiske åtaket på Ukraina. Det same kan seiast om Tyskland.

Dei djuptgripande endringane kjem ikkje berre til syne i det tyske forsvaret. (abo)

26.02.2026 12:31 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Harde frontar framfor EU-val REYKJAVIK: Folkestyre, forsvar og fiskekvotar kan avgjere eit nytt EU-val på Island. Det kan òg lysta til å skrote ei ustabil islandsk krone.

Som No­reg har Island vore om­fat­ta av EØS-av­ta­len si­dan 1994. Men i mot­set­nad til nors­ke vel­ja­rar har is­len­dingane ald­ri røys­ta over EU-med­lem­skap.

Artikkelen kan du lese eller høyre på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky.

24.02.2026 13:00 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
(+) Ikkje ende på stas 60-årsdagen til Cårejånni forsvann i premierar. Sånn går det når ein blir glad av glam og er hekta på stoff.

– Eg er så glad vi heldt på før dei sosiale media kom. Eg klarer ikkje å legge frå meg den eine dritkommentaren.

Intervjuet med Cårejånni Enderud, sjølvlært makeupartist, stylist og mykje brukt kostymedesignar, finn du på dagogtid.no.

Ope for alle på Bluesky.

23.02.2026 09:21 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Digital tryggleik på amerikanske hender Ein dominerande del av skytenestene staten brukar, er amerikanske, ifølgje Nasjonalt tryggingsorgan.

– Selskapa har kontroll over dataa, og dei amerikanske styresmaktene har kontroll over selskapa, seier Morten Goodwin, professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder.

Artikkelen er open for alle på Bluesky.

20.02.2026 07:20 👍 3 🔁 1 💬 0 📌 0
Preview
(+) To snuoperasjonar i UD Utanriksdepartementet har gjennomført to snuoperasjonar i saka om dokumenta som manglar frå Oslo-prosessen i arkivet. Den første skjedde våren 2006. Den andre i desember 2024.

Her er open lenke:

19.02.2026 14:47 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) To snuoperasjonar i UD Utanriksdepartementet har gjennomført to snuoperasjonar i saka om dokumenta som manglar frå Oslo-prosessen i arkivet. Den første skjedde våren 2006. Den andre i desember 2024.

I mars 2006 fastslo Utanriksdepartementet (UD) at alle som var involverte i Oslo-prosessen, utan omsyn til om dei var tilsette i UD eller ei, plikta å levere alle dokument som vart produserte, til journalføring og arkivering i UD.

Drygt to månadar seinare kom UD til motsett konklusjon. (abo)

19.02.2026 14:07 👍 2 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
(+) Lassevis av cash Norske pengar var ein inngangsport til elles lukka samtalar, skriv Astri Suhrke.

Hovudgrunngjevinga for bistand har forsvunne litt i støyen frå kritikken, men den er grei nok Pengar opnar dører for norske representantar og norske innspel, skriv Astri Suhrke.

19.02.2026 09:26 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Fisken forsvinn, kven si skuld er det? Det er krise i havet. Sidan 2013 er den samla massen av fisk og skaldyr i dei norske havområda halve ...

Det er krise i havet. Sidan 2013 er den samla massen av fisk og skaldyr i dei norske havområda halvert. Kva kan årsakene vere?

Artikkelen er open for alle på Bluesky.

18.02.2026 13:13 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) UD og Arkivverket har svikta Utanriksdepartementet tok aldri kontakt med Terje Rød-Larsen om dei manglande dokumenta frå Oslo-prosessen.

Utanriksdepartementet tok aldri kontakt med Terje Rød-Larsen om dei manglande dokumenta frå Oslo-prosessen. UD nøgde seg med det avvisande og negative svaret Rød-Larsen gav til riksarkivar John Herstad i mai 2006, skriv Vidar Ystad.

Open for alle på Bluesky.

18.02.2026 08:28 👍 5 🔁 3 💬 0 📌 0
Preview
(+) Den nye nasjonalbibliotekaren Åse Wetås er til tider så ustyrleg positiv og optimistisk at ho er til plage for omgjevnadene.

– Om eg var skuleflink? Ja, eg kan ikkje lyga meg bort frå det, seier Åse Wetås.

Les meir i DAG OG TID.

Artikkelen er open for alle på Bluesky.

16.02.2026 09:42 👍 5 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
– Alvorleg brot på opplysningsplikta Daverande utanriksminister Ine Eriksen Søreide sende ikkje varsel om unge, vakre kvinner på kortvarige opphald ved IPI da Riksrevisjonen bad om dokumentasjon før gransking.

Daverande utanriksminister Ine Eriksen Søreide sende ikkje varsel om unge, vakre kvinner på kortvarige opphald ved IPI da Riksrevisjonen bad om dokumentasjon før gransking.

Open for alle.

12.02.2026 10:54 👍 3 🔁 2 💬 0 📌 0

Kulturkommentaren er open for alle på Bluesky 😊

03.02.2026 07:29 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Bruce Springsteen har ikkje laga ein allsong om det som skjer i Minneapolis og USA. Det er heller ikkje poenget.

To menneske vart drepne i Minneapolis medan dei protesterte mot metodane til ICE. Omstenda er godt skildra andre stader. Det interessante her er kva slags kraft dette har utløyst hos dei ein faktisk ventar skal seie ifrå.

Nei, ikkje det demokratiske partiet. Men kulturfolk, skriv Tor Martin Bøe.

03.02.2026 07:29 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
(+) Inga takk å få for kurdarane Kurdarane i Syria ofra tusenvis av liv i kampen mot IS. No er dei under åtak frå regjeringshæren, og ingen vil hjelpe dei.

Denne veka har Kobani vore kringsett av fiendar. Men no kjem åtaket frå styrkane til den nye regjeringa i Damaskus, og ingen løftar ein finger for å hjelpe kurdarane militært. Les artikkelen i DAG OG TID. (abo)

30.01.2026 08:16 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Tenk visjonært for Akropolis i Stavanger Ein vinnar er kåra i arkitektkonkurransen om nytt museums- og teaterbygg i Stavanger. No gjeld det at det flotte utkastet faktisk vert bygd.

– Arkitektane syner stor omtanke for visjonane hjå Eckhoff, skriv Kristin Aalen om vinnaren i arkitektkonkurransen.

Les kulturkommentaren på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky.

28.01.2026 14:36 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) 70 år etter «Heartbreak Hotel» er ikkje rocken så einsam at han kan døy. Populærmusikken vart aldri den same.

Les vekas kulturkommentar av Tor Martin Bøe på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky. 😊

27.01.2026 14:54 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) «Når reglane ikkje lenger vernar deg, må du verne deg sjølv.» Ettergjeving kan ikkje kjøpe tryggleik, sa den canadiske statsministeren Mark Carney i talen sin på Verdas økonomiske forum i Davos tysdag 20. januar.

Talen til Canadas statsminister er eit oppgjer med illusjonen om ein regelbasert verdsorden. Les meir på dagogtid.no (abo)

22.01.2026 12:44 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Frå trumf til Trump Trumps krav har forvandla Grønland til ei tryggingspolitisk hovudpine.

– Det er jo ikkje slik at Grønland gjer Danmark tryggare. Tvert imot, seier Rasmus Sinding Søndergaard, seniorforskar.

Les artikkelen frå Weekendavisen her. (abo)

22.01.2026 12:43 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Artikkelen er open for alle på Bluesky 😊

21.01.2026 09:05 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
(+) Den 31. januar kjem rapporten som skal vurdere om spiralsaka også kan definerast som eit folkemord. Tidspunktet kunne knapt vore verre.

Midt i den storpolitiske krisa Grønland og Danmark står i, kjem ein ny rapport om den såkalla spiralsaka eller prevensjonsmiddelsaka – ein rapport med potensielt stor sprengkraft.
Les meir på dagogtid.no.

21.01.2026 09:05 👍 2 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
(+) Avtalen som gav USA makt på Grønland Ein forsvarsavtale frå 1951 står sentralt i kontroversen mellom Danmark og USA.

Korleis vart forsvarsavtalen til? Les eller lytt. Open for alle på Bluesky.

16.01.2026 08:53 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0