Jepp. Det er rett og slett tyding 1 og 2 av uttrykket i følgje både Bokmåls- og Nynorskordboka. Så det er normert og greier.
Ja, det er ein passiv variant, så det er noko litt anna. Men eg har sett det i avisomtalar og slikt også i det siste, og har lurt på kvifor. Eg utelukkar ikkje nordnorsk påverknad.
Eit raskt og metodisk svakt søk i Lovdata gjev likevel ein del interessant. Konstruksjonen hadde eit høgdepunkt under kommunesamanslåingane på 60-talet, men dukkar opp i ein del nyare ting også. Ein lurer jo på kvar det kjem frå, ein gjer det.
I det siste har eg lurt på om formuleringar med "vert å" har ein oppsving i formell nynorsk i stillingsutlysingar, forskrifter og kommunestyrevedtak og slikt. Det er inga nyvinning, men ser ut til å vere populært. Men i motsetnad til den nordnorske varianten er det vel utprega skriftleg.
Eg har litt trua på å lære lese og skrive og byggje relasjonar medan ein tenkjer, skriv, teiknar og fortel om blomar og dinosaurar og isbrear og heltar og skurkar og meininga med livet og store forteljingar, eg då.
Disneys Robin Hood vert ikkje dårlegare av dette.
Det der verkar ganske vilkårleg. Vart stansa med to doble brødskiver med brunost i Wien ein gong. Austerrikarane let seg ikkje overtyde om at eg ikkje hadde plastisk sprengstoff på maten.
Tenk når ein dyktig spesialbibliotekar kan slå fast at “dei har ikkje kasta noko på 150 år!” Då skjer ting som at ein brått finn ukjende Aasen-manuskript.
Dagens ferjetabell Folkestad–Volda – alle avgangar er innstilte inntil vidare.
Er me heilt sikre på at det er så lurt å leggje sentrale samfunnsoppgåver som til dømes å halde oppe eit riksvegsamband i hendene på private selskap som konkurrerer på å drive så marginalt som mogeleg?
Eg har aldri sunge i kor, og eg er eigentleg tenor. Men eg har lært meg basstemma på “Alle vender” som sosial overlevingsstrategi.
Bordversfagleg manglar den kyrkjekulturelle “Alle vender augo sine til deg” (N13 761) som ofte vert brukt for å røykje ut folk om ikkje instinktivt syng firstemt. Eg tenkjer bordversskalaen går frå den til “Thank you Lord”, som på same vis kan brukast til å avsløre folk som slit med synkopar.
Skjer fleire ting på ein gong her – auka oppslutning på tvers av kyrkjelandskapet. Men kristne leiarar kappast om å ta utviklinga til inntekt for at akkurat deira kyrkjelyd gjer ting riktig. I denne saka er det Messiaskyrkja og styremedlem Toje som får gjere det.
Dessutan manglar brorparten av bitane. Og nokre av dei me faktisk har, gøymer me mellom sofaputene for å få til eit bilete som ser sånn nokolunde ut.
Grundtvig er av dei som fortener vesentleg meir av både tyn og lovord enn han faktisk får.
Det der kan vere ein sunnmørsbunad utan jakke. Og den skal ha slik huve, berre at nesten ingen brukar det.
Berre Shetland som øya der vindguden bur, er så gøy at dette må vere riktig.
Pave Frans er død - dagen etter at heile kyrkja, både i aust og vest, saman feira Kristi siger over døden og mørkret og han sjølv heldt sin siste Urbi et Orbi med bøn om fred i heile verda. Måtte det evige ljoset skine for han.
Overskya himmel.
Eg finn berre to vestlendingar på Wikipedia si liste over norske astronomar. Det er neppe tilfeldig. #solformørking
KI er sikkert topp om problemet ditt er å skrive langt nok til å nå minimumskravet. Dei fleste eg veit om som skriv noko særleg, har motsett problem. Og for eigen del genererer eg så mykje sprøyt på gamlemåten at eg slett ikkje treng hjelp til å finne på meir greier som må kuttast.
Eg er gjerne med på å diskutere å kutte fridagar. Men ta no andredagane fyrst, og ikkje Kristi himmelfartsdag som faktisk er ein skikkeleg heilagdag og ikkje berre ei gammal løysing på prestane sin heilagdagslogistikk.
Det er jammen ikkje det verste ein kan gjere. Lukke til!
“Ingenting” er for alle praktiske formål riktig svar. Der er nokre subtile kulturskilnader på grunn av ulik historie, men ingen grunn til ikkje å plukke emne utifrå kva du har mest bruk for eller synest er mest interessant. Båe fakulteta har glitrande folk med ulik spesialkompetanse.
Dette er mange paradoks i dette, for ingen av oss er heilt gjennomreformerte. I hundre og femti år har rørsla gått mot ein retur til felleskristne praksisar. Offisiell liturgi for oskekross i dag fekk Dnk til dømes fyrst i fjor. Men råd om felles fastepraksis trur eg er vanskeleg å sjå føre seg.
Her må protestantismen ta skulda. Står til dømes i den lutherske vedkjenninga at reglar om mat og slikt er unyttige og i strid med evangeliet (CA XV). Dermed vart fasta åndeleggjort og individualisert, og det vert lite felles praksisar av slikt.
And at some other occasion, it can be used to argue for learning deep truths by reading really old stuff. That happens too.
Of course, she put that line at the end of her (excellent) version of Arthur and the knights of the Round Table, as a defence for writing old fashioned romances in 1915, but it’s a versatile line.
I’m considering putting this in my own sermon one day, though. Our ethical challenges do not change. I like to quote Sigrid Undset, Norwegian author and Nobel laureate: “Though fashions and customs may change as the years go by, the hearts of men will not change even so little in all eternity.”
Dagens høgdepunkt var utan tvil lunsjkonsert på MF med Torbjørn Dyrud og @ingridbmelve.bsky.social Salmane deira er altså så vare og sterke at eg manglar heilt ord. Men det gjer ikkje Ingrid – ho skriv til det vert heilt ekte og sant. Dei reiser på turné no – få det med deg om du kan!
Kunne tippa på positiv Robin Hood-effekt for Rikard Løvehjarte og motsett for Johan. Men det ser ikkje ut til at samanhengane er nok kjende.