Dei må komma seg til finalen då. Men det gjer dei nok. Det same gjer Viking, er eg redd.
Dei må komma seg til finalen då. Men det gjer dei nok. Det same gjer Viking, er eg redd.
Dersom Bodø/Glimt kjem til semifinalen i CL, kjem cupfinalen til å bli flytta. Usikker på om du las det her først.
Noko enkel, salt mat. Vil denne roagalendingen sei. Nachos, pizzaboller, ost og kjeks. Spekemat.
Per. Du må ikkje kjøpe pennar.
Lenge etter at mor mi har vandra ut av tida, om eg skal følge Heger-metodikken. Så eg vonar det er mange, mange år til.
Men kjem du nokon gong til å sjå på Han med Dei?
Me er heldigvis så sentralt plasserte at det nok snart byr seg eit nytt høve.
Berre legg dette biletet av @andersheger.bsky.social og foreldra mine her. Anders er, sjølvsagt, yngst av dei. Og ein svært god bokforteljar.
Lurer på om Turid er dottera, faktisk. Blir neppe kalla Tusjen.
Eg er godt på veg i Wanda-boka til Heger, og det må
seiast at denne Quisling verka til å vera eit temmeleg trist type. Det er nesten slik at eg tenkjer at å skyta han var ei anerkjenning han ikkje fortente.
Heilt klart feil.
Du får seie frå om du ser eit høve.
Kjem du og ser på Amishbordet @andersheger.bsky.social gjer du
Det er ikkje alltid eg føler at Finnøy er sentrum i verda, men den siste veka har avisa skrive mykje om ein politikar herfrå som muligens har vore inhabil, og no heng denne plakaten på butikken. Me er sentrum no. Ikkje periferi.
Sjølve Ramsfjell er det mange som veit mykje om. Til dømes vedkomande som har skrive dette: helgeland.nu/Slekt/Slekts...
Eg har også slekt frå Jøsenfjorden. Ein mange-tippa oldefar, som var biskop og ymse greier, sette barn på ei jente derfrå på femtenhundretalet. Han gjorde seg elles kjent som ein temmeleg utriveleg heksejeger. Les om han her: no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8...
Ramsfjell ligg midt i fjorden. Og høgt, høgt oppe. Det er rett og slett ein stad der det ikkje bur folk lenger. Det er ein slik stad onkel Arne har skrive bok om. Boka heiter Det sviv ikkje lenger, og handlar om nedlagde og fråflytta gardar i Hjelmeland. Dei er det ein god del av.
Eg vil påstå at dersom du startar tidleg, og veit kvar du skal gå (det gjer på ingen måte eg), når du Aust-Agder valkrins før det mørknar. Det er mykje styr der inne med villrein og vasskraft og hendelse, men det er eit vakkert område, der ein ser til Finnøy om ein ser vestover og ikkje austover.
Jøsenfjorden er ein nydeleg, dramatisk, og truleg noko undervurdert, fjord. Han startar der ferja går frå Nesvik til Hjelmeland, og no er me langt inne i hjartet av Ryfylke, og endar inne i Førre, der det ikkje er dritlangt til Aust-Agder valkrins. Ja, til Aust-Agder valkrins.
Det er ikkje kvar dag det er to typar med oldefar frå Jøsenfjorden i semifinale i curling i OL. Men oldefar til Ramsfjell-søskenbarna er altså derfrå. Om me tenkjer på kor få som faktisk er frå Jøsenfjorden, og kor få som faktisk veit kvar det er, så er det faktisk litt stort.
Hadde gått for Karmøy. Sand og lam.
Dersom ein sjekkar Aftenbladet, er det verken drap eller snø i sørfylket. Men eg har erfart heilt personleg at det er ein av tinga her.
Haugesunds Avis i dag:
Det snør
DET SNØR
ME FÅR IKKJE MÅKT
BRØYTEBILANE SLITE
MENY AKSDAL ÅPNE EIN TIME SEINARE
Åsså blei det drept ei dama i nått då
MEN DET SNØR
No snakkar me.
Eg noterer.
Sparar på denne til neste gong eg er på tur med ein kompis og han er rasande fordi eg var for kjip til å betale 200 kroner meir for Twin room.
Samd i faresignal.
Vent. Reknar du å reise frå Nærbø til Øksnevadporten som å ‘vere på Sørlandsbanen’ ? I så tilfelle er eg Ikkje Imponert over frekvensen din alikevel.
Sist eg var på Sørlandsbanen, visste eg ikkje at du eksisterte. Det kjennest som om det ikkje burde gå an å vere på Sørlandsbanen utan å vite at du eksisterte.
Eg registrerer berre det herr Berg uttalar, eg.